Text

Omsetjing har ofte vorte sett på som ei definerande side ved verdslitteraturen. Dette gjeld særskilt for arbeidet til David Damrosch. I ei rekkje studiar hevdar han at det er vekslinga mellom samanhangar i ulike språk som utgjer tilskotet til alt arbeid som fell inn under kategorien. Det vil seie at omsetjing gjer at tekstar kan «verta spreidde ut over sitt lingvistiske og kulturelle opphavspunkt.» (Damrosch, 2003, p. 12). Slike overnasjonale, overkulturelle og (ikkje minst) overspråklege forflyttingar ligg òg til dels til grunn for det Pascale Casanova skriv om det sentripetale i La République mondiale des lettres (Casanova, 1999). I fylgje han verkar reisa gjennom Paris (ofte saman med omsetjing til fransk) som ei form for litterær heilaggjering og ofte kanonisering. I denne artikkelen utforskar, utvidar og, til slutt, utfordrar eg slike lesingar ved også å setje søkjelys på tilverkinga og forbruket av verdslitteratur. Eg foreslår ikkje berre at omsetjing, i slike rammer og i ljos av slike forståingar, kan vera ein nykkeltrope og ei -linse som verdslitterær skriving kan gjenkjennast og verta utforska gjennom. Eg gjer òg framlegg om at verdslitteratur, som er oppstått så sirkulært og relasjonelt, tillet oss å greia ut nærværet og verknaden av ein omsetjingsepistemologi.

Sidan det vart nydanna av Goethe som Weltliteratur i 1827, har omgrepet verdslitteratur hatt som mål å rokka ved den metodologiske nasjonalismen og dei (ofte etnolingvistiske) sameinte hypotesane som vert openberre i studiet av nasjonal litteratur. Kor som er, har omgrepet ofte erstatta eit slikt tildriv med eit anna, nemleg til ein eittspråkleg epistemologi som nærmar seg litteratur utan språkleg omsyn og som manglar vyrdnad for utfordringane ved å forske fleirspråkleg (Phipps, 2019). Det eittspråklege er særleg tydeleg i engelskspråkleg forsking, men vert ført vidare med anglonormativiteten som stør den globale akademiske utgjevingsindustrien. Det eittspråklege har vorte sterkt kritisert av forskarar som David Gramling (2016), og det fins eit aukande medvit om ein omsetjingsdynamikk som opprettheld omlaupet av litterære verk på verdsbasis. I pedagogisk samanheng, tufta på no godt etablerte forståingar av den usynlege omsetjaren, vert studentar som berre studerer verdslitteratur på engelsk opplærte til å lesa omsetjingar med medvit qua omsetjing (Baer and Woods, 2022). Såleis kan studentane leggja fram både utfordringar som dei sjølve finn i omsetjinga, og omsetjaren sine framlegg til løysningar på desse, snarare enn å gå ut frå at dei som lesarar har saumlaust tilgjenge til ‘originalen’. Ei slik tilnærming får atterklang i det auka medvitet om at omsetjing i seg sjølv kan vere den høgste forma for litterær analyse, ei erkjenning som har vorte spreidd blant anna i det framifrå arbeidet til Clive Scott (2012, 2018). Denne utmerkinga av omsetjing skuldast at det heng saman med både mikro- og makronivået, og tyder på usamanliknbar nærleik til teksten og fortrulegheit ikkje berre med innebygd polysemi og andre lingvistiske (og jamvel multimodale) subtilitetar, men også nært kjennskap til det som resonnerer på tvers av både tekstar og kulturar. Slike tankar om konsum og mottaking vert sette opp mot auka merksemd når det gjeld produksjon. Rebecca Walkowitz (2015) drøftar i kva grad verdslitteratur i utgangspunktet er ‘blitt til som omsett’, det vil seie korleis omsetjing verkar som litterært medium i seg sjølv, heller enn som ein lekk i korleis ein tekst vert spreidd.

Artikkelen utvidar denne konteksten for å setje søkjelys på verdslitteraturen som ei stad for epistemisk og kulturell ulikskap, som omsetjing spelar ei særmerkt og mangearta rolle i å forstå. På den måten freistar artikkelen å gå vidare frå omsetjing som metodologi, for heller å foreslå ein omsetjingsepistemologi. Såleis vil eg bidra til ei aukande vektlegging av språkleg varleik i kunnskapskonstruksjon, slik det kjem til syne i dei filosofiske intervensjonane til Barbara Cassin (2004). Dette gjeld ideen om det (in)traduisible, ein idé som Emily Apter (2013) og andre utviklar i samband med verdslitteratur. Eg argumenterer for at omgrepet om det (u)omsetjelege er sentralt i studiet av verdslitteratur i seg sjølv, sidan me handsamar divergensar og konvergensar mellom omgrepet og (ikkje heilt) tilsvarande omgrep i andre språklege tradisjonar: Weltliteratur, littérature-monde, literatura mundial… Kor som er, som Dilip Menon nyleg har demonstrert i Changing Theory: Thinking from the Global South (2022), er kvart systematiske forsøk på å utvikla praksis for lesing og analyse som egnar seg til å granske det globale avhengig av å generere eit omgrepsvokabular som er støtta av erkjenningsteoriar som nødvendigvis vil vere aktivt fleirspråklege. Samstundes må dei byggja på omsetjingstilnærmingar som tek sikte på å avvikle språklege hegemoni. Men endå ei utfordring hindrar forminga av ei omsetjingsepistemologi i denne konteksten, som er ibuande både i teksten og i tolkinga av han. Utfordringa er å unngå dei polariserande verknadene av ei tverrspråkleg (og jamvel fleirspråkleg) tilnærming, og å fylgja dømet til mellom andre Tim Ingold og utfordra forventninga til at omsetjing undergrev ein idé om «verda der folk bur som eit uavbrote og grenselaust landskap med uendeleg varierte drag og omrit, men utan saumar eller brot» (Ingold, 1993, p. 22).

Ein tenkjar som var sentral i å setje ord på denne tilnærminga – først i antillisk og så i global samanhang – er Edouard Glissant, underskrivar av manifestet ‘For ei verdslitteratur på fransk’ frå 2007. Gjennom ideen om Tout-Monde, stiller Glissant i røynda spørsmål rundt omgrepet littérature-monde, til dels ved å utfordra det ibuande eittspråklege ‘en français’ som i utgangspunktet avgrensa denne gruppa tekstar, og til dels ved å kopla hans eigne tankar om skriving «en présence de toutes les langues du monde» (i nærvær av alle verdas språk; Glissant, 1996, p. 40) til ei samanhangande utsegn om omsetjingsepistemologi som er synleg i arbeidet hans både som litterær praktikar og global tenkjar. I eit av dei siste verka hans, La Cohée du Lamentin, presenterer Gliassant omsetjing ikkje som ei tilleggssyssel, men som ein litterær sjanger i seg sjølv: «Elle n’est pas seulement une invention limitée à des équivalences merveilleuses entre deux systèmes de langage, elle crée aussi des catégories et des concepts inédit, elle bouscule des ordres établis» (Ho [omsetjinga] er ikkje berre ei oppfinning som avgrensar seg til oppsiktsvekkande likskapspunkt mellom to språk, ho skapar òg nye kategoriar og omgrep, ho omrokkerer etablerte ordenar; Glissant, 2005, p. 143; mi omsetjing). Omsetjing vert her forstått som å «setje språk og kulturar i krinslaup med nye mellombels kontekstar, og slik knyte dei og den historiske tradisjonen deira saman på nye og dynamiske måtar» (Bermann, 2014, p. 80). Jamvel om han så langt har vore bortimot fråverande i litteraturen om omsetjingsteori, framstilte Glissant igjennom karriera si eit monaleg korpus av idear om språk og omsetjing. Samstundes har hans eigne tekstar, som del av ein framveksande kanon av global samtidslitteratur, gjennomgått ein omsetjingsprosess og såleis vorte sikra stor innverknad på postkolonial tenking i breiare tyding. Denne prosessen har det såkalla ‘Glissant Translation Project’ vidareført.

I La Cohée du Lamentin set Glissant omsetjing i samband med ideen om ‘relasjon’, som tidlegare var sentral i mykje av arbeidet hans. Slik gjer han framlegg om omsetjing som ei form for ‘fleirtilhøver’. Omsetjing koplar saman alle delar av verda utan å lyde til noko i retning av universal ekvivalens, som i ytste forstand utslettar eller tek opp i seg politiske, kulturelle og historiske særdrag. Celia Britton (2008, p. 78) ser omsetjing hjå Glissant som «oppfinninga av eit nytt langage som sameinar to langues», det vil seie som ein kreativ prosess som knyter saman og aktiverar særeigne lingvistiske og kulturelle system, og omgjer koplinga til eit nytt omsetjingstilhøve. Omsetjing vert såleis i denne artikkelen lagt fram som eit nykkelelement i Glissant sin idé om ein ‘ny arkipel-arta tanke’, der det ugjennomtrengelege verkar omlag på same vis som det uomsetjelege, nemleg at det unngår dei strenge motsetnadene som fins i lukka tankesystem. Eg konkluderar med å granska korleis Glissant i Traité du Tout-Monde (1997) legg grunnlaget for ein omsetjingsepistemologi gjennom skildringa av ein ‘fuge-kunst’.

Bibliography

Apter, E. (2013). Against World Literature: On the politics of untranslatability. Verso.

Baer, B. J., & Woods, M. (Eds). (2023). Teaching literature in translation: Pedagogical contexts and reading practices. Routledge.

Bermann, S. (2014). Edouard Glissant and the imagination of World Literature: Relation, creolization, and translation. In P. Bandia (Ed.), Writing and translating Francophone discourse: Africa, the Caribbean, diaspora (pp. 63–86). Rodopi.

Britton. C. (2008). Transnational languages in Glissant's Tout-Monde. In M. Gallagher (Ed.), World writing: Poetics, ethics, globalization (pp. 62–85). University of Toronto Press. https://doi.org/10.3138/9781442689657

Casanova, P. (1999). La République mondiale des lettres. Seuil.

Cassin, B. (Ed.). (2004). Vocabulaire européen des philosophies: dictionnaire des intraduisibles. Seuil.

Damrosch, D. (2003). What is World Literature? Princeton University Press.

Glissant, É. (1996). Introduction à une poétique du Divers. Gallimard.

Glissant, É. (1997). Traité du Tout-Monde: Poétique IV. Gallimard.

Glissant, É. (2005). La Cohée du Lamentin: Poétique V. Gallimard.

Ingold, T. (1993). The art of translation in a continuous world. In G. Pálsson (Ed.), Beyond boundaries: Understanding, translation and anthropological discourse (pp. 210–230). Berg.

Menon, D. (Ed.). (2022). Changing theory: Concepts from the Global South. Routledge.

Phipps, A. (2013). Unmoored: Language pain, porosity, and poisonwood. Critical Multilingualism Studies, 1(2), 96–118.

Scott, C. (2012). Literary translation and the rediscovery of reading. Cambridge University Press.

Scott, C. (2018). The work of literary translation. Cambridge University Press.

Walkowitz, R. L. (2015). Born translated: The contemporary novel in an age of World Literature. Columbia University Press.

Cite this article

Electronic reference

Charles Forsdick, « Synopsis: Omsetjingsepistemologiar i verdslitteraturen », Encounters in translation [Online], 2 | 2024, Online since 02 décembre 2024, connection on 27 juillet 2025. URL : https://publications-prairial.fr/encounters-in-translation/index.php?id=567

Author

Charles Forsdick

University of Cambridge, Cambridge, UK

Author resources in other databases

  • IDREF
  • ORCID
  • ISNI
  • BNF

By this author

Translator

Anna P. Grøgaard

University of Oslo, Norway

Author resources in other databases

  • IDREF
  • ORCID

Copyright

CC BY-SA 4.0